-

Tverrfaglege drøftings- og samarbeidsarenaer

Samarbeidsmøte kan gjennomførast på nivå 1, 2 og 3. Samarbeidsmøta på nivå 1 er for heimen og ei teneste (til dømes barnehage eller skulen). På nivå 2 er samarbeidsmøta for heimen og fleire enn ei teneste. Eit samarbeidsmøte på nivå 3 gjeld heimen og fleire tenester.

Stafetthaldar leier møtet og har ansvar for at det vert ført referat i stafettloggen eller i andre referatsystem. Det er opp til stafetthaldar å vurdera om tiltaka vert evaluerte i stafettloggen undervegs i møtet, eller om det vert gjort etterpå.

Talet på deltakarar i samarbeidsmøta bør haldast på eit minimum. Berre deltakarar som har ei aktiv rolle når det gjeld mål og tiltak, skal delta på samarbeidsmøtet. Stafetthaldar vurderer kva deltakarar som er aktuelle for å planleggja og evaluera tiltak knytte til ulike merksemder («oppmerksomheter»).

Føremålet med møtet er å definera mål, evaluera pågåande tiltak og planleggja tiltak, som del av samarbeidet mellom tenesta/tenestene og heimen. Stafetthaldar skal setja nytt møte for å vurdera tiltaka. Ein bruker funksjonen «Nytt møte» i stafettloggen for å setja det neste møtet. Møtet legg seg inn i Outlook.

Tiltak vert evaluerte av dei som har gjennomført tiltaket, saman med føresette og barnet/ungdomen. Stafetthaldar har ansvar for å sjå til at barnet/ungdomen er høyrt og informert før møtet. Det er eit mål at barnet/ungdomen skal delta sjølv i samarbeidsmøta etter fylte 7 år.

Dersom mange aktørar er involverte i saka, vil det haldast møte med totalvurdering kvart halvår eller etter behov. Aktørane kan oppdatera seg i loggen om kva tiltak som er sett i gang. Det vil som oftast halda med ein deltakar per tenestestad.

Samtykkeskjema til utvida tverrfagleg samarbeid vert nytta i overgangar mellom nivåa, og ved overgang til andre einingar eller BTI-kommunar. Ved samtykke vert ny eining invitert til overgangsmøte.

 

I saker der barnet/ungdomen har individuell plan (IP) vert det oppnemnt ein koordinator og ei ansvarsgruppe. Koordinator har ansvar for å planleggja og gjennomføra ansvarsgruppemøte og leggja til rette for andre samarbeidsmøte etter behov. Samhandlinga vidare vert dokumentert som IP i Visma Samspill.

Individuell plan er aktuell der barnet/ungdomen har behov for langvarige og koordinerte tenester etter helse- og omsorgslovgjeving.

 

Deltakarar: Støttekoordinator(ar), støttelærar(ar), leiing og PPT deltek.

Møteinnhald: Oversikt elevbehov og plan for systematiske tiltak i støttesystemet (t.d. planlegga kurs). Støttekoordinator leier støtteteam, og det skal vera eit systemretta fokus, i tillegg til at ein skal ha fokus på elevar som til ei kvar tid får tiltak i støttesystemet og kva tiltak som skal vektleggast. Eit støtteteam er eit arbeidsmøte med fokus på å utvikla praksis, der ein har mål om å styrkja det inkluderande læringsmiljøet på skulen. I støtteteam kan ein også avdekka om elevar trass i støttande tiltak på grønt og gult nivå må drøftast spesifikt med PPT i spesialpedagogisk team.

Frekvens: 1 gong i månaden.

Ansvar innkalling: Skulen ved leiing/støttekoordinator

SPESIALPEDAGOGISK TEAM (spes.ped. team) er eit møte der lærar/støttekoordinator tek opp saker der ein er bekymra for læringsutbytet til enkeltelevar, etter at eleven har fått god hjelp i den ordinære opplæringa og tiltak er prøvd ut. Er dette ein elev som etter kartlegging frå skulen må tilvisast til PPT for å vurdera behovet for spesialundervisning? Eit spes.ped. team kan brukast til å gjera analysar av læringsmiljø, drøfta bekymring for mobbing og andre omfattande saker. PPT skal alltid vera til stades på spes.ped. team, saman med leiinga og aktuelle lærar og så langt det let seg gjera, støttekoordinator. Før tilvising til PPT skal eleven alltid drøftast i spes.ped. team. Ressursdrøftingar og behov for ny sakkunnig vurdering kan også drøftast her.

Frekvens: 1 gong i månaden

Ansvar innkalling: Skulen ved leiing/støttekoordinator

Inkluderingsteam består av styrar, dei pedagogiske leiarane og spesialpedagog. Det vert halde inkluderingsteam i samband med lågterskelrundane, men og utanom, avhenging av kva som er behovet i barnehagen. Det er barnehagen som “eig” inkluderingsteamet. Styrar leier møtet.

Styrar har oversikt over totalbehovet i barnehagen ut frå lågterskelrunden og eventuelt andre oppståtte behov. Inkluderingsteam skal vurdera kva som kan gjerast på grønt og gult nivå før ein eventuelt må setja inn tiltak på raudt nivå.

Inkluderingsteamet drøftar det totale ressursbehovet i barnehagen og gjer ei vurdering av kva tiltak som skal setjast inn. Har fleire avdelingar same utfordringar, behov for observasjonar, hjelp til organisering?

Kompetanse og gode tiltak på enkelte avdelingar kan vidareførast til andre avdelingar og auka barnehagen sin samla kompetanse. Ut frå evaluering av pågåande tiltak og nye behov skal det vidare gjerast ei samla vurdering.

Spesialpedagog får oversikt over prioriterte arbeidsoppgåver i komande periode og brukar skjema «Inkluderande læringsmiljø»  for oversikt over status, behov og tiltak på dei ulike avdelingane.

 

I lågterskelrundar i barnehagane møter PPT pedagogisk leiar, styrar og spesialpedagog etter fast oppsett plan for å drøfta uro for eit enkeltbarn eller på uro på gruppenivå. Pedagogisk leiar legg fram status og utfordringar ut frå skjemaet «Inkluderande læringsmiljø – skjema for oppfølging av barn i barnehagen».

 

I BTI-team drøftar ein komplekse saker der ulike tiltak er prøvd over tid med god systematikk. Likevel opplever laget rundt barnet at tiltak og hjelp ikkje har ønskt effekt. Sakene kan vera på individnivå (nivå 3 i BTI-rettleiaren) eller gruppenivå.

BTI-teamet skal sjå barn og familiane sine totale behov og ha eit heilskapleg blikk på laget rundt barnet, på å tolka teikn og signal og å gjera ei vurderinga av risikofaktorar og beskyttande faktorar. Teamet prøver å avdekka barrierar mot positiv utvikling og kan også gje hjelp til å gjennomføra tiltak.

Rektorane ved skulane i Kvam kan melda inn saker til drøfting. Saka bør vera drøfta i plangruppe eller leiarteamet på skulen, eventuelt også i spes.ped.team/støtteteam, før ho vert meldt inn i BTI-team. Dette gjeld både sak på individnivå og gruppenivå.

Ved individsak må saka meldast inn i samarbeid med eleven, heimen og aktørane som deltek i samarbeidet rundt barnet.

Døme på kva saker skulen kan melda inn på gruppenivå:

    • Undring etter gjennomgang sjekkliste BTI-implementering
    • Undring etter gjennomgang sjekkliste skulefråvær
    • Undring etter kartlegging, til dømes elevundersøkinga
    • Undring som gjeld trygt og godt skulemiljø
    • Undring som gjeld inkluderande læringsmiljø
    • Risikovurdering – korleis vurdera selektiv førebygging
    • Tilrettelegging for spesifikke grupper
    • Foreldresamarbeid på individnivå og systemnivå

Skulen bør bruka LP-analysar, observasjonsskjema og annan dokumentasjon knytt til BTI-rettleiaren som del av førebuinga. Det må vera oppretta stafettlogg eller IP (individuell plan) i individsaker som vert meldt opp til BTI-sak.

Saka må meldast opp til BTI-koordinator seinast ei veke før møtet, slik at BTI-koordinator kan samarbeida med skulen om å førebu saka. Førebuingsskjema ligg i Websak.

Skulen og andre aktørar knytt til oppfølginga av eleven skal gå gjennom Sjekkliste: Kjenneteikn på god oppfølging og vurdera gjeldande oppfølging før ein melder opp saka til BTI-team:

Sjekkliste kjenneteikn på god oppfølging

Grunnlagsdokument som forklarer meir om føremålet med BTI-team ligg i Compilo.

 

 

 

Konsultasjonsteamet er ei tverrfagleg samansett faggruppe som kan gje råd og rettleiing om bekymringar for om barn og unge kan vera utsette for vald og overgrep.

Alle kan søkja råd og få si bekymring drøfta i teamet. Drøftingane skjer anonymt, og teamet har teieplikt. Teamet har berre rådgjevande funksjon. Faggruppa har fått opplæring og veiledning frå ressurssenteret RVTS Vest, og jobbar etter faglege retningsliner for slik rådgjeving.

Desse er med i konsultasjonsteamet:

  • Barneverntenesta
  • Helsestasjon/skulehelseteneste (helsesjukepleiar og skulelege)
  • Familiesenteret v/familierettleiar og psykolog for barn og unge
  • Pedagogisk-psykologisk Teneste (PPT)
  • Politiet
  • Tannhelsetenesta

 

 

I Kvam har me ei tverrfagleg koordineringsgruppe som skal dela erfaringar og informasjon som gjeld fritidstilbod for barn og unge. Gruppa skal drøfta utvikling av fritidsfeltet og vera med på å setja retning for arbeidet for inkluderande fritid for alle barn og unge.

Kvam familie- og læringssenter har fagsamlingar tre gonger i året. Dette er internopplæring med føremål om auka forståing for tverrfagleg samarbeid og samhandling.