Når barn og unge treng hjelp
Det skal vera trygt og godt å veksa opp i Kvam. Av og til oppstår likevel utfordringar av ulik grad, som gjer at ikkje alle barn opplever meistring, kjenner seg sett eller har det så bra. Dette kan vera faglege vanskar, sosiale utfordringar eller andre ting som gjer at det er strevsamt i ein periode.
I kommunen vår følgjer me BTI-modellen for å sikra at barn og unge får den hjelpa dei treng.
Er du bekymra for eit barn eller ein ungdom? Anten uroa er sterk eller svak – gjer noko med det!
Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direkte kontakt med politi 112 eller barnevernstenesta 56 55 30 50.
