Tiltak og tenester for barn og unge i kommunen

Helsestasjonen

Helsestasjonen er eit tilbod for born mellom 0 og 5 år. Det er helsestasjonar i Ålvik, Øystese, Norheimsund og Strandebarm. På helsestasjonen møter du jordmor, helsesjukepleiar, lege og fysioterapeut.

Tilbodet i helsestasjonen tek utgangspunkt i faste konsultasjonar, og ekstra konsultasjonar etter individuelt behov. Barna får helseundersøking og vaksinasjon, og foreldra får foreldrerettleiing og helseopplysning. Du kan også ta kontakt med helsestasjonen utanom dei faste konsultasjonane.

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevar mellom 5 og 20 år. Skulehelsetenesta skal fremje barn og unge si helse, trivsel og meistring.

Det er helsesjukepleiar til stades på alle skulane til faste tider. Elevar og foreldre kan ta kontakt for samtale, råd og rettleiing. Skulehelsetenesta tilbyr helseundersøkingar og vaksinasjon. Andre tema kan til dømes vera:

Kroppen min – søvn  – kosthold – fysisk aktivitet – psykisk helse/kjensler – seksuell helse – familieforhold/skilsmisse/sjukdom i familien  – vennskap – rus/alkohol/røyk/snus – nettvett – skulefråvær

Skulehelsetenesta møter alle elevar i individuelle konsultasjonar i 1., 3. og 8. klasse, og gjennom grupper og undervisning i klassen. Skulehelsetenesta samarbeider tett med skulen og andre aktuelle instansar.

 

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er eit GRATIS tilbod til ALLE ungdomar i kommunen mellom 13-20 år.

Du møter helsesjukepleiar og lege som du kan snakka med om emne som opptek deg.

Alle som er på helsestasjon for ungdom har teieplikt.

 

Døme på emne som du kan ta opp:

Seksualitet –  prevensjon – spørsmål  om kroppen – fysisk og psykisk helse – alkohol/rus/røyk/snus – einsemd– kjønnsidentitet –  graviditet-  fysisk og psykisk sjukdom i familien – vonde opplevingar, til dømes seksuelt misbruk/vald

 

Helsestasjonen kan mellom anna hjelpa deg med:

  • Prevensjonsrettleiing og prevensjon
  • Testing med tanke på kjønnssjukdomar
  • Graviditetstest
  • Reseptar og anna behandling for helseproblem
  • Tilvisingar til andre instansar i helsevesenet

Opningstid

Kvar torsdag mellom 14.30 og 16.30

Stad: Norheimsund helsestasjon, Sandvenvegen 35, 5600 Norheimsund

Det er drop-in så du treng ikkje tinga time for å nytte helsestasjon for ungdom.

 

Kontaktinformasjon:

Helsesjukepleiar Christel Mo Vik, telefonnummer 954 02 669, e-post: chrvik@kvam.kommune.no

Helsesjukepleiar Linda Haga, telefonnummer 918 26 285,  e-post: linhag@kvam.kommune.no

Lege: Ramona G. Myklebust

Du kan også ta kontakt med leiar for helsestasjons- og skulehelseteneste, Torill Høyland, telefonnummer 917 11 245, e-post: toho@kvam.kommune.no

Utekontakten

Utekontakten er ei kommunal teneste for ungdom, med to tilsette. Du kan ta kontakt med oss når du ynskjer nokon å prata med, eller om du skulle trenga rettleiing, råd og hjelp når det gjeld:

Skule – familie – konfliktar – rus – jobb og fritid – helse – eller andre ting som opptek deg nett no

Me har teieplikt

Det betyr at det me snakkar om, blir mellom oss. Har du eit problem me synest er veldig alvorleg, vil me diskutera dette med deg, for å sjå om ikkje andre kan hjelpa deg betre enn me kan. Utekontakten kan hjelpa deg å koma i kontakt med desse.

Råd og rettleiing

Utekontakten bidreg også med råd og rettleiing til foreldre/pårørande og samarbeidspartnarar som tek kontakt med oss. Me samarbeider med andre som har kontakt med og jobbar for ungdom i Kvam. Dette kan vera skular, fritidsaktørar eller ungdommen sitt eige nettverk.

Terskelen for kontakt er låg

Dersom du vil ha råd og tips, kanskje du er bekymra for ein ven og lurer på kva du skal gjera? Ring, send en e-post eller stikk innom på ungdomsbasen.

Ungdomsbasen er ein uformell treffstad for ungdomar frå 8. klasse til 20 år. Her kan du møta andre ungdomar, spela spel, prata eller berre «hengja med oss». Her vil du alltid treffa ein vaksen frå utekontakten, og du treff «dozerane». Det er ungdomar som jobbar frivillig som miljøarbeidarar. Her kan du vera deg sjølv!

Kontaktperson: Siriann Lillevik
Telefonnr.: 977 28 718
e-post: sirlil@kvam.kommune.no

Kontaktperson: Hallgeir Kjosås
Telefonnr.: 916 05 119
e-post: halkjo@kvam.kommune.no

Ungdomsbasen 
Torsdag 14.30-20.00

 

Familiesenteret

Familiesenteret er eit lågterskeltilbod for barn, unge og foreldre. Du kan ta kontakt om uro for barn og unge si psykiske helse, utvikling og trivsel, og om ulike vanskar i familien. Du kan få rask hjelp ved brå endringar og alvorlege endringar i livet.

Det er ynskjeleg at familien har vore i kontakt med barnehage/skule og/eller lege/helsesjukepleiar før me set i gang tiltak, men du kan også ta kontakt med oss direkte. Kontaktskjema finn du frå lenka under.

 

PPT

PPT arbeider innan to hovudområde: 

  1. Hjelpa skulen og barnehagen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling (systemarbeid)

PPT har ein fast kontaktperson ved alle barnehagar og skular. PPT deltek i tverrfagleg team, støtteteam og spesialpedagogisk team i skulen, og i lågterskelteam og inkluderingsteam i barnehage. Systemarbeidet skal hjelpa til med å legga forholda betre til rette for barn med særlege behov, og å skapa gode læringsmiljø og relasjonar der alle barn og unge kan vera trygge og utvikla seg.  

  1. Utarbeida sakkunnig vurdering (individarbeid)

PP-tenesta utarbeider sakkunnig vurdering av enkeltelevar der opplæringslova krev det. Barn kan ha individuell rett til spesialundervisning, til spesialpedagogisk hjelp, utsett skulestart, tidleg skulestart, fritak frå opplæringsplikt, punktskrift, teiknspråk og alternativ og supplerande kommunikasjon. PP-tenesta kartlegg, greier ut og utarbeider også sakkunnig vurdering av behov for spesialundervisning for vaksne. 

Kontaktinfo

PPT i Kvam
Rådhuset
Grovagjelet 16
5600 Norheimsund
Telefon: 56 55 30 50 (måndag-fredag 9-15)

Barnevernet

Barnevernet skal sikra at barn og unge som har det vanskeleg, skal få den hjelpa og omsorga dei treng.

 

Kontaktinfo

Barneverntenesta i Kvam
Rådhuset
Grovagjelet 16
5600 Norheimsund
Telefon: 56 55 30 50 (måndag-fredag 9-15)

 

Barnevernet sin vakttelefon utanfor opningstidene
55 36 11 80

Alarmtelefonen for barn og unge
116 111 (gratis)
Open når barnevernet sin vakttelefon er stengt, dvs. vekedagar 14.0-08.00 og 24 timar helger og helgedagar.

Konsultasjonsteamet for vald og overgrep

Kvam herad har ei tverrfagleg samansett faggruppe, eit konsultasjonsteam, som kan gje råd og rettleiing om korleis du kan koma vidare viss du er uroa for om eit barn kan vera utsett for vald eller overgrep. Alle kan søkja råd og få si bekymring drøfta i teamet. Drøftingane skjer anonymt, og teamet har teieplikt.

Les meir om konsultasjonsteamet her, og om korleis du kan koma i kontakt.

Familievernkontoret i Odda

Familievernkontoret tilbyr kurs, parterapi og mekling ved samlivsbrot.

 

Krisesenteret

Krisesenteret for Bergen og omegn gjev hjelp til personar som er utsett for vald eller truslar om vald i nære relasjonar, og som treng rettleiing eller eit trygt mellombels butilbod.

Kontaktinfo:
55 31 50 50
krisesenteret@bergen.kommune.no