-

Barn som pårørande – for deg som arbeider med dei vaksne

Helsepersonellova seier at helsepersonell har plikt til avklara familiesituasjonen til ein pasient og kartlegga behovet for tiltak for mindreårige pårørande. Pårørande vert i denne samanhengen definert som mindreårige der forelder eller søsken er pasient med psykisk sjukdom, rusmiddelavhengigheit eller alvorleg somatisk sjukdom eller skade.

Likevel er det ikkje berre helsepersonell som har ansvar for barn som pårørande. Alle som gjennom arbeidet sitt møter vaksne med ansvar for barn, skal ha kunnskap og rutinar for å kartlegga og følga opp barn i familien, viss det er til barnet beste. Dette er mellom anna regulert i Nasjonal fagleg retningslinje for tidlig oppdagelse av utsatte barn og unge. 

Det er naturleg å tenkja på barn som pårørande også ved andre kriser i familien enn sjukdom og rusmiddelavhengigheit. Til dømes opplever mellom 6000 og 9000 barn kvart år at ein av foreldra er i fengsel. Behovet for informasjon og oppfølging kan då vera like stort som ved sjukdom.

Andre kriser eller vanskelege situasjonar kan også oppstå. Det kan vera endringar i livssituasjon som til dømes tapt inntekt eller faktorar som gjer at familien kjenner på eit utanforskap.

Alle tilsette i vaksentenestene i Kvam herad har ansvar for å kartleggja situasjonen til barna i familien og til å gjera tiltak for å betra situasjonen deira viss det trengst. Somme gonger er informasjon det viktigaste, andre gonger er det andre tiltak som vil ganga barnet mest.

Ofte vil det vera til stor nytte for barnet at skulen eller barnehagen er kjent med situasjonen. Nokre gonger er det best at føresette sjølve informerer, andre gonger kan det vera godt at du som hjelpar gjer det. Dette avklarar ein i samråd med føresette og barnet sjølv.

Er det tilhøve kring den vaksne, livssituasjonen eller barnet som gjev grunn til bekymring? Uttrykkjer den vaksne sjølv uro/bekymring for barna sine? Ser du teikn og signal hos barna som gjer deg uroleg? Utgjer livssituasjonen ein risikofaktor for barna i familien? 

Vurder risiko- og beskyttelsesfaktorar, gjerne saman  med leiaren din eller med kollegaer.

Gjer ein kartleggingssamtale med brukaren/pasienten, eventuelt saman med partnar, der barnet sin situasjon er tema.

Snakketøyet – samtaleguide (digitalt verktøy) både for helsepersonell og andre vaksne som møter barn som pårørande. Utvikla av Barns beste, Nasjonalt kompetansenettverk for barn som pårørande

Barnespor for helsepersonell – samtaleguide (pdf-format)) både for helsepersonell og andre vaksne som møter barn som pårørande.

E-læringskurs frå KS læring for helsepersonell om barn som pårørande: KS læring Barn som pårørende

Film frå Voksne for barn, retta mot helsepersonell, om korleis ein kan ta opp barneperspektivet i møte med foreldre som er sjuke/slit med noko: Det vi ikke snakker om – fastlegens samtale med pasienten

Film frå Voksne for barn, om korleis og kvifor fagpersonar bør ta opp barneperspektivet i møte med foreldre som er sjuke/slit med noko: Det vi ikke snakker om – barnas perspektiv 

Film frå Voksne for barn: om korleis og kvifor fagpersonar kan snakka med barna til foreldre som er sjuke/slit med noko:  Det vi ikke snakker om – samtale med barna  

ROP: Snakk om rus – digital ressurs for tilsette i helse- og omsorgstenester, NAV og spesialisthelsetenesta. Inneheld kartleggingsverktøy og fagstoff knytt til rusmiddelbruk og psykisk uhelse.

Nettressurs for pårørande: Pårørendesenteret

Nettressurs for barn og unge som er pårørande:  Unge pårørende.no

Barns beste – fagside frå nasjonalt kompetansesenter for barn som pårørende, Sørlandet sykehus

NAV – for deg som er ung vaksen og har lite jobberfaring