I kommunen vår finst det fleire å snakka med om bekymringar, tankar, kjensler og trivsel. Med andre ord skal du alltid finna nokon å snakke med om kva som helst, anten det gjeld deg sjølv, ein ven eller nokon i familien. Om du har god kontakt med ein lærar eller ein annan vaksen på skulen, kan han eller ho hjelpa deg direkte eller finna rett teneste til akkurat det du treng. Alle som arbeider med barn og unge i kommunen, har teieplikt og må ha samtykke frå deg for å involvera andre.
Les meir om dei ulike tenestene i vår kommune.