Det er ein klar samanheng mellom risikofaktorar i oppveksten og opplevd utanforskap som ung vaksen. Risikofaktorar er kva som helst faktorar hos individet eller i oppvekstmiljøet som kan assosierast med auka sannsyn for negativ psykososial utvikling i framtida.
Beskyttande faktorar er kva som helst faktorar hos individet eller i oppvekstmiljøet som kan assosierast med redusert sannsyn for framtidig negativ psykososial utvikling.
Det er ikkje slik at risikofaktorar og beskyttande faktorar er motsette av kvarandre. Faktorane samverkar ofte med kvarandre. Opphopning av fleire risikofaktorar aukar faren for at personen utviklar vanskar. Beskyttande faktorar kan fungera som “skjold” mot konsekvensane av å vera i risikosona. Mange førebyggande tiltak vert utvikla nettopp med tanke på å styrkja dei beskyttande faktorane og redusera risikofaktorane.
Me låner Eigersund kommune si gode oversikt over ulike risiko- og beskyttelsesfaktorar: Risiko- og beskyttelse
Dei er knytt til individuelle faktorar ved barnet/ungdomen, familie, vener, barnehage og skule, nærmiljø.
Rapporten “Det må ha jo ha vært min egen skyld” frå Voksne for barn handlar om ungdom i objektiv utanforskap, som vil seia å vera utanfor skule eller arbeidsliv, og ofte også isolerte og einsame. Undersøkinga viser at dei aller fleste av desse ungdomane har vakse opp under forhold som heng saman med risiko for utanforskap. Dette kan vera omsorgssvikt, vald, rusavhengigheit hos foreldre, psykisk eller somatisk sjukdom i nær familie, familiar i vedvarande låginntekt. Eit felles trekk var at desse ungdomane ikkje hadde nære vener, verken på skulen eller i fritida. Mange hadde helseutfordringar som angst, depresjon, eteforstyrringar eller nevroutviklingsforstyrringar som ADHD eller Aspergers.
Desse objektive risikofaktorane vart i liten grad fanga opp av vaksne. Til trass for at dei hadde vakse opp under forhold som statistisk sett aukar risikoen for problemutvikling, meinte 3 av 5 at dei sjølve var årsaken i utanforskapen og 9,5 av 10 meinte dei sjølve burde ha gjort noko meir for å påverka situasjonen sin.
Når det gjeld unge vaksne som mottek uføreytingar, har Kvam eit høgare snitt enn snittet i Vestland og Noreg. Som ein del av innspelsarbeidet med kommunedelen for oppvekst vart det gjort ei undersøking i 2022 av kva faktorar som kan liggja bak at unge vaksne i Kvam i alderen 18 til 29 hamnar i utanforskap i form av å ikkje vera under utdanning eller i arbeid.
Undersøkinga vart gjort ved å gjennomføra ulike typar intervju med unge vaksne i Kvam. Dette er gjort greie for i rapporten “Unge i utanforskap i Kvam” som ligg som vedlegg til oppvekstplanen og er tilgjengeleg på heimesida til Kvam herad.
Funn
- Alle som vart intervjua, har ein lojalitet til familien sin og er stolte over familien sin
- Det har kome mange og tydelege tilbakemeldingar om kor viktig det er at vaksne må bry seg om korleis barn har det
- Det er viktig å verta sett av barnehagetilsette, av lærarar, av tilsette i andre tenester som møter barn, og av trenarar og andre vaksne knytt til fritidsaktivitetar
- Alle understrekar kor viktig det er å få vera seg sjølv i eit fellesskap (utan å verta sett på som spesiell eller frå ein spesiell familie)
- Mange fortel om gode barneår, men så dreg det seg til med vanskar og problem i ungdomstida
- Mange rapporterte om at dei har adhd og/eller dysleksi, og at dette først vart kartlagt på ungdomsskulen. Dei hadde ønskt at det hadde vorte kartlagt tidlegare
- Mange etterspør betre kvalitet på den tilpassa opplæringa dei har fått i skulen
- Ein kan sjå kjønnsskilnad:
- Mange av gutane fortel at dei var urolege og utagerande i barnehagealder, og opplevde mange konfliktsituasjonar og mobbing i barneåra. Så kan det sjå ut som om uroa deira «forsvinn inn på guterommet» etter kvart som dei vert eldre. Mange brukar mykje tid på gaming, og mange får depresjonsdiagnosar i 20-åra.
- Mange av jentene fortel av problem og utfordringar først vart synlege då dei gjekk på vidaregåande skule. Dei har vore flinke og pliktoppfyllande på mange måtar i oppveksten, og har teke eit stort ansvar for seg sjølv og andre. Angst- og depresjonsdiagnosar kjem til synes i vidaregåandealder.
- Mange fortel om at fritidsaktivitetane var viktige for dei i oppveksten
- Nesten alle angra på valet sitt når det gjeld vidaregåande skule
- Det kan vera vanskeleg å sjå på eit barn at ting ikkje er greitt heime. Barn og unge vil sjeldan fortelja med ord at noko er vanskeleg. Barn og unge er glade i og lojale mot foreldra sine. Kanskje ein heller ikkje veit kva som er vanleg og trur at alle andre har det slik ein sjølv har det. Vaksne må vera merksame på teikn og signal som barn gjev på at noko ikkje er greitt. Nokre barn viser utagerande åtferd eller trekkjer seg tilbake som ein reaksjon på vanskar i livet, mens andre barn verkar glade og liketil.
- Det er viktig at vaksne vågar å bry seg, undra seg og spørja viss ein lurer på om eit barn ikkje har det bra.
- Fritidstilbod er viktig. Det er ein arena for å oppleva meistring og å ta eigne val, og ein arena som gjev ein pause frå heimen.
- Skulen er viktig, fordi:
- Det er der barna og ungdomane er, og skulen har ein unik posisjon for å oppdaga teikn og signal på at noko ikkje er bra
- På skulen har barn moglegheit til å oppleva normalitet og få kunnskap om normalitet
- Eit barn som veks opp i utrygge heimar, kan ha vanskelegare enn andre barn for å knyta seg til medelevar og vaksne på skulen. Det er viktig for alle barn, men særleg for barn i denne gruppa, at skulen har eit godt og trygt skulemiljø, arbeider med relasjonar og møter elevane med undring og eit ønske om å forstå situasjonen deira
- God opplæring gjennom grunnskule og vidaregåande skule er svært viktig for vidare utdanning og å etter kvart få seg jobb og faste og trygge rammer
- (Me veit at desse punkta også generelt vil gjelda barnehage, men desse informantane snakka om skule)
- Dess seinare vanskane vert oppdaga og gjort noko med, dess meir risiko er det for at personen tek skade av det med tanke på psykisk og fysisk helse
- Viss ein vaksen er uroa for om eit barn eller ein ungdom har det bra, har det mykje å seia for tilliten på kva måte den vaksne tek dette opp med barnet/ungdomen
- Det kan sjå ut til at mange vaksne ikkje vågar å spørja viss dei lurer på om det er noko som ikkje er bra, for kanskje dei trur at barnet/ungdomen vert sur, eller dei vil ikkje at foreldra skal verta sure. Det er likevel viktig at vaksne vågar å sjå, spørja og undersøka og vera var for barnet sine behov
- Barn og unge treng å vita kva som skjer rundt dei, få informasjon, medverka i eiga sak og finna løysingar som passar til den einskilde
- Viss eit barn verkar hissig eller utagerande eller hamnar i konflikt, er det viktig at vaksne spør seg om kva som ligg bak åtferda
- Det er viktig for barn og unge å verta sett på som den dei er, ikkje tolka ut frå kva familie dei kjem frå
- Det er svært viktig å byggja ein god relasjon mellom barnet/ungdomen og den eller dei vaksne som skal hjelpa, og at dei vaksne er fleksible og ikkje gjev opp
- Å vera i jobb/under utdanning tyder at ein har rutinar, noko å gå til, ei meining og ein plan med dagane, inntekt og moglegheit for eit vanleg og sjølvstendig liv
Som ein del av innspelsarbeidet med oppvekstplanen vart det i 2022 gjort ei undersøking av samanhengar mellom ulike faktorar i Ungdata-materialet frå 2021. Talmaterialet er henta frå elevar ved ungdomstrinnet og vidaregåande skular i kommunane i Hardanger og Voss kompetanseregion (Kvam, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang og Voss). Heile rapporten ”Ungdata samanhenganalyse» som ligg som vedlegg til oppvekstplanen og er tilgjengeleg på heimesida til Kvam herad.
Kort samandrag av viktige funn frå materialet:
- Det er få elevar som seier at dei er sikre på at dei ikkje har ein ven
- Materialet viser mellom at det er ein tydeleg samanheng mellom vennskap og skuletrivsel. Dei som ikkje har ein ven, gruar seg mellom anna meir og føler i mykje mindre grad at læraren bryr seg om dei
- Det er ein tydeleg samanheng mellom det å ikkje ha ein ven og det å oppleva psykiske plager
- Om lag 10 prosent av elevane oppgjev at dei er veldig mykje plaga av faktorar som gjeld psykisk helse
- Denne gruppa er langt større enn gruppa som ikkje har ein ven. Det er grunn til å tru at dei som ikkje har ein ven, er ein del av den større gruppa som opplever psykiske plager
- Sosioøkonomisk status har i mindre grad enn dei faktorane vennskap og psykiske vanskar samanheng med skuletrivsel
- Det er ein klar samanheng mellom sosioøkonomisk status og deltaking i organisert fritid
- Viss ein heller enn sosioøkonomisk status brukar enkeltfaktoren om opplevd familieøkonomi, er utslaga mykje tydelegare når det gjeld skuletrivsel, rus, deltaking i organisert fritid og psykisk helse
- Barn og unge som ikkje har ein fast ven verkar å vera i ein særleg sårbar situasjon
- Barn og unge i familiane med lågast sosioøkonomisk status, verkar også å vera i ein særleg sårbar situasjon
