Start
Rettleiaren for BTI er eit verktøy som skal gjera det enkelt å handla i tråd med BTI-modellen. På første sida har ein full oversikt over alle nivå og steg. Alle punkta i oversikta er interaktive og leiar til utfyllande informasjon til det spesifikke punktet.
Om du har starta rettleiaren for første gong, er det naturleg å starta på nivå 0, steg 1.
Navigering
Oppe til venstre finn du navigeringsverktyet.
Øvst i navigeringsverktyet finn ein ei tallrekke frå 0-3. Dette viser til nivåa i BTI. Nivået du befinn deg, i er utheva og ein kan enkelt navigera seg mellom nivåa ved å klikka på dei ønskte tala.
Du finn ei forenkla beskriving av nivået under tala. Du ser berre beskrivinga for gjeldande nivå.
Stega er teikna opp vertikalt frå 1-5 med det gjeldande steget utheva. Alle tala er interaktive og kan nyttast til å raskt navigera seg gjennom rettleiaren.
Ei forenkla beskriving av stega er plassert til høgre for tala for å tydeleggjera prosessen i BTI.
Hovudinnhaldet finn du midt på sida
Kvart steg skal raskt oppfattast og forståast. Her finn du ei forankla beskriving av kva du skal gjera på det gjeldande nivået. Alle utheva ord vil føra deg inn til ytterlege informasjon.
Er det likevel naudsynt med ytterlegare informasjon, er det tilgjengeleg nedst på kvart steg i heile rettleiaren.
Tilhøyrande skjema og verkty til høgre
Alle dokument og skjema som er relevante for gjeldande steg, er tilgjengelege på høgre side.