Kva er BTI?
- Målet med BTI er å kvalitetssikra heilskapleg og koordinert innsats utan at det vert brot i oppfølginga.
Målgruppa er barn, unge, gravide og foreldre det er knytt undring eller uro til.
BTI byggjer på:
- Tidleg innsats
- Samordna tenester
- Medverknad og samarbeid med barnet/ungdomen og heime
BTI bidrar til:
- Å følgja opp målgruppa tidleg og samordna
- Å skildra eit systematisk handlingsforløp frå undring/uro til handling i ein struktur på fire nivå, der rutineskildringar i handlingsrettleiaren vert tilpassa lokalt
- Å involvera barnet/den unge og foreldre i arbeidet, der det er hensiktsmessig
BTI består av:
- Samhandlingmodell på fire nivå
- Handlingsrettleiar
- Verktøy som til dømes samtykkeskjema, rettleiar til samtale med barn og føresette, oversikt over teikn på manglande trivsel hos barn/unge
- Koordinering av forløpet gjennom stafetthaldaren
- Utvikling og dokumentasjon av gode tiltak gjennom stafettloggen, som skal knyta brukaren, innsatsen, tenestene og nivå saman
- Kompetanse hos dei tilsette, både om BTI og det faglege innhaldet i arbeidet med tidleg innsats, samordning og medverknad
Meir om BTI:
Betre tverrfaglig innsats, BTI-modellen, er ein samhandlingsmodell som skildrar den samanhengande innsatsen i og mellom tenester retta mot gravide, barn, unge og familiar som det er knytt ei bekymring til. BTI-modellen skal bidra til tidleg innsats, samordna tenester og foreldreinvolvering.
Tidleg innsats handlar om å førebyggja meir og å avdekka vanskar tidlegare, hos både barn, unge og familiar som me kjenner ei uro for. Tidleg innsats kan både handla om å oppdaga vanskar i tidleg alder, og å oppdaga vanskar tidleg i ei risikoutvikling. Det kan vera forhold i heimen, eigenskapar ved barnet/ungdommen/familien, eller miljøet i barnehagen/skulen eller på fritida som skaper utfordringar. Heimen, helsestasjonen, barnehagen og skulen har derfor ei sentral rolle både i å oppdaga vanskar og å følgja dei opp. Hjelpetiltaka som vert sette i verk, har fokus på å styrka beskyttande faktorar og redusera risikofaktorar rundt barnet/ungdommen/familien.
Samordna tenester handlar om å betra samarbeidet og ikkje minst framdrifta når kommunale basistenester (til dømes helsestasjon, skule, barnehage) og hjelpetenester (til dømes helseteneste, PPT, barnevern, familiesenteret, tenester for ungdom) i fellesskap skal hjelpa barn/ungdom/familiar gjennom vanskar. Med ein klar struktur bidrar BTI-modellen til styrkt samhandling mellom tenester, slik at dei jobbar målretta, effektivt og heilskapleg – utan at det oppstår avbrot i oppfølginga.
Foreldreinvolvering og samarbeid handlar om at BTI-modellen er basert på at foreldre/føresette i utgangspunktet alltid skal vera ein del av løysinga på eit problem og at barnet skal vera informert og høyrt. Det vert lagt stor vekt på at dei kommunale verksemdene/tenestene skal samhandla med foreldra gjennom hjelpeprosessen, og at foreldra skal involverast på eit tidleg tidspunkt etter at uroa for barnet/ungdomen har oppstått. Foreldreinvolvering inneber også at foreldre på eige initiativ kan involvera kommunale verksemder/tenester dersom dei er bekymra for eigne eller andre sine barn.
Involveringa av foreldre har både ei etisk og fagleg grunngjeving. Den etiske dreier seg om å respektera det overordna ansvaret foreldra eller andre føresette har for eigne barn. Det faglege dreier seg om at foreldra ofte er ein avgjerande aktør, og heimen ein viktig arena, i det førebyggjande arbeidet med barn og unge.
I kommunikasjonen mellom kommunal teneste(r) og familien, vert ein elektronisk stafettlogg brukt som eit viktig samhandlingsverktøy.
Vanskar knytte til fysisk og psykisk barnehagemiljø/skulemiljø (barnehage: § 42-saker; skule: § 9A-saker): I arbeid med § 42-saker (barnehagelova) og § 9A-saker (opplæringslova) er det i følgje lova barnehagen/skulen som har ansvaret for aktiviteten og handlingsplanen som skal utarbeidast til hjelp for barnet/ungdommen. Hjelpetenestene vil vera eit supplement til barnehagen/skulen sitt arbeid, men kan ikkje overta ansvaret som barnehagen/skulen har.
BTI består av ein grunnmodell med tilhøyrande handlingsrettleiar, verktøy og kompetansen til dei tilsette.
Grunnmodellen i BTI beskriv korleis samhandlinga kan leggjast til rette på fire forskjellege nivå, avhengig av omfanget på vanskane som skal løysast og talet på aktørar som skal involverast:
Nivå 0: Her avklarar me om det er grunnlag for bekymringa
Nivå 1: Skildrar tiltak innanfor kvar enkelt teneste
Nivå 2: Skildrar eit enkelt tverrfagleg samarbeid, helst mellom to tenester
Nivå 3: Skildrar eit meir omfattande tverrfagleg samarbeid mellom fleire tenester
Nivåa og tenestene i grunnmodellen vert bundne saman gjennom ein samarbeidsstruktur som er basert på at ein aktør, stafetthaldaren, har ansvar for å koordinera den tverrfaglege samhandlinga og dokumentera arbeidet i ein elektronisk stafettlogg.
Handlingsrettleiaren (BTI-rettleiaren) er sjølve oppskrifta på korleis me skal gå fram i konkrete tilfelle der me er bekymra for barn/ungdom/familiar. Rettleiaren skildrar strukturane og prosessane me skal nytta oss av i arbeidet med barn og unge, både innanfor kvar enkelt teneste og mellom tenestene.
Verktøya er dei konkrete hjelpemidla me kan og bør nytta i det daglege arbeidet med BTI-saker. Verktøya inkluderer spesifikke metodar eller rutinar som støttar handlingane i BTI-prosessen, heilt frå fasen der me oppdagar og vurderer ei uro og vidare gjennom fasane med å avgjera, setja i verk og evaluera hjelpetiltak. Me snakkar her om alt frå konkrete tips og råd om korleis me samtalar med barn og unge til mal for korleis me kallar inn og gjennomfører møte.
Kompetansen. Ein føresetnad for å bruka modellen og verktøya er at det finst ein bestemt kompetanse i å utføra oppgåvene i tenestene, slik modellen skildrar. Me snakkar om to typar kompetanse:
- Den eine dreiar seg om å forstå prinsippa bak og kunna bruka BTI
- Den andre handlar om å vera i stand til å utføra dei oppgåvene som ligg til dei ulike arbeidsprosessane i modellen. Til dette trengst kunnskap og kompetanse om:
- Risiko- og beskyttelsesfaktorar
- Teikn og signal som gjev grunn til uro for eit barn/ein ungdom
- Korleis ein dokumenterer grunn til teikn og signal som gjev grunn til uro
- Samtale med barn/ungdomar ein er uroa for
- Samtale med føresette til barn/ungdomar ein er uroa for
- Rutinar for samhandling med andre tenester, inkludert kunnskap om teieplikt og samtykke
- Kva andre tenester gjer
- Samhandlingsarenaer
Nasjonal faglig retningslinje for tidlig oppdagelse av utsatte barn og unge gjev føringar for arbeidet på nivå 0.
Rettleiar om samarbeid om tjenester til barn, unge og deres familier gjev føringar for arbeidet på nivå 1, 2 og 3.
Relevant lovverk for å oppfylla forventingane som ligg i nasjonal fagleg retningslinje for tidlig oppdagelse av sårbare barn og unge:
Meldeplikta – regulert av barnevernslova 13-2:
Plikt til å melde fra til barnevernstjenesten
Enhver som utfører tjeneste eller arbeid for et forvaltningsorgan, skal uten hinder av taushetsplikt melde fra til barnevernstjenesten uten ugrunnet opphold i følgende tilfeller:
a. når det er grunn til å tro at et barn blir eller vil bli mishandlet, utsatt for alvorlige mangler ved den daglige omsorgen eller utsatt for annen alvorlig omsorgssvikt
b. når det er grunn til å tro at et barn har en livstruende eller annen alvorlig sykdom eller skade og ikke kommer til undersøkelse eller behandling
c. når det er grunn til å tro at et barn med nedsatt funksjonsevne eller et spesielt hjelpetrengende barn ikke får dekket sitt særlige behov for behandling eller opplæring
d. når et barn har vist alvorlige atferdsvansker ved å begå alvorlige eller gjentatte lovbrudd, ved problematisk bruk av rusmidler, eller ved å ha vist annen form for utpreget normløs atferd
e. når det er grunn til å tro at et barn blir eller vil bli utnyttet til menneskehandel.
Også yrkesutøvere som opptrer i medhold av helsepersonelloven, psykisk helsevernloven, helse- og omsorgstjenesteloven, familievernkontorloven og privatskolelova plikter å gi opplysninger etter denne bestemmelsen. Det samme gjelder meklere i ekteskapssaker og private som utfører oppgaver for staten, fylkeskommuner eller kommuner, og de som utfører slike oppgaver på vegne av organisasjoner.
Avvergingsplikta – regulert av straffelova § 196
- Gjeld både tilsette som jobbar med menneske og privatpersonar
- Lovpålagt plikt til å søkja å avverga visse former for vald og overgrep
- Avvergingsplikten gjeld handlingar mot både barn og vaksne
- Plikta vert utløyst i det ein får kunnskap om at handlinga vil skje eller trur det er sannsynleg at handlinga vil skje
- Ein kan avverga ved å varsla politi, barnevern eller på ein annan måte freista å hindra at handlinga skjer
- Nasjonalt kunnskapssenter for vold og traumatisk stress har denne nettsida om avvergingsplikta: https://plikt.no/
Teieplikt – regulert av forvaltingslova § 13:
Enhver som utfører tjeneste eller arbeid for et forvaltningsorgan, plikter å hindre at andre får adgang eller kjennskap til det han i forbindelse med tjenesten eller arbeidet får vite om:
1. noens personlige forhold […]
§ 13 a. (begrensninger i taushetsplikten når det ikke er behov for beskyttelse).
Taushetsplikt etter § 13 er ikke til hinder for:
1. at opplysninger gjøres kjent for dem som de direkte gjelder, eller for andre i den utstrekning de som har krav på taushet samtykker […]
Retten til trygt og godt barnehage- og skulemiljø
Opplæringslova kapittel 9A og barnehagelova kapittel 8 slår fast barn og unge sin rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø.
BTI skal styrkja Kvam herad sitt arbeid med å førebyggja og hindra problemutvikling, ekskludering og marginalisering av barn og unge.
BTI-modellen skal operasjonalisera målet for beskyttande faktor 7: Gode kommunale tenester for barn og unge, gravide og familiar – BTI:
Barn, unge, gravide og familiar i Kvam møter gode og lett tilgjengelege tenester som byggjer på den enkelte sine ressursar. Tidleg innsats, brukarmedverknad og samordna tenester sikrar heilskaplege tilbod
BTI-rutinane for leiarar skal operasjonalisera denne strategien:
Leiarar i Kvam har ansvar for å gjennomføra og rapportera BTI-arbeidet slik det er skildra i vedtekne rutinar.
Kvam har innført BTI frå 2020. BTI skal vidare verta implementert og institusjonalisert på tvers av tenestene. Leiaransvar er tydeleg definert gjennom vedtekne BTI-rutinar for Kvam.
BTI-modellen tek opp i seg forventingar som er knytt til kommunane gjennom barnevernsreforma. Arbeidet er politisk forankra gjennom Plan for førebyggande arbeid 2023 – 2027